fredag 19. oktober 2012

Kvifor les me skjønnlitteratur i skulen?


Forteljing, eventyr, munnleg forteljing og høgtlesing er viktige element i skulekvardagen. Det viser oss at skjønnlitteratur har ein sentral plass i skulen. Det gjeld dei fleste fag, men i Kunnskapsløftet finn me kompetansemål i norsk, direkte retta mot skjønnlitteratur i skulen.
Etter 4. årssteg:

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne:
-          Lese skjønnlitteratur og fagtekster for barn med flyt, sammenheng og forståelse

Etter 7. årssteg:

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne:
-          Lese et mangfold av tekster i ulike sjangrer og av ulik kompleksitet på bokmål og nynorsk: norske og oversatte, skjønnlitterære tekster og sakposatekster
-          Bruke erfaringer fra egen lesing i skjønnlitterær og sakpreget skriving



For elevar som har knekt lesekoden er det viktig å lese mykje for å automatisere lesinga. Da er det viktig at læraren kan tilby elevane sine litteratur tilpassa den enkelte elev. Her tilbyr skjønnlitteraturen oss mange moglegheiter. Elevar som les litteratur dei interesserer seg for, kan utvikle både leseferdigheiter og leseglede. Lesinga fungerer som underhalding, samstundes som elevane utvikler sjangerkunnskap. Ser me på kompetansemåla, ser me at sjangerkunnskap er ein viktig del av desse.

Men skjønnlitteratur brukes også i skulen av andre grunnar enn underhalding.  Mange tema som omtales i skjønnlitteraturen kan brukes i samanheng med ulike fag. Eg meiner skjønnlitteratur kan vere ein god inngangsport til arbeid med fag som naturfag, samfunnsfag, historie og engelsk.

Skjønnlitteratur kan også brukes i skulen som ein del av elevanes danning og personlege utvikling. Moderne skjønnlitteratur tar i dag opp tema som før var forbunde med tabu og ting som kan vere vanskelege å snakke om. Gjennom lesing av skjønnlitteratur kan elevane møte personar med problem de kjenner seg igjen i, samstundes som litteraturen kan skape ein avstand og minske intensiteten.

søndag 14. oktober 2012

Ein skule - to skriftsspråk


I Noreg har vi hatt to skriftsspråk i nesten 130 år. Eg tenkte eg skulle fokusera på korleis dette har påverka den norske skulen. Det at vi har hatt to sidestilte skriftsspråk har ført til at elevar i den norske skulen har vorte tvungne til å lære seg begge formar. Eg synes at det at det er ein god ting at norske elevar lærer seg både bokmål og nynorsk. For elevar som har bokmål som hovudmål er det viktig å lære nynorsk fordi det er ein svært viktig del av den norske kulturarva. For elevar med nynorsk som hovudmål er det viktig å lære seg bokmål, fordi majoriteten av det norske folk har bokmål som hovudmål, og det kan vere nyttig å kunne kommunisere skriftlig med folk uavhengig av skriftspråk.

Det eg tykkjer er dumt, er at elevar ikkje får noko fokus på sidemål før ein begynner på ungdomsskulen. Ein stor del av elevane i Noreg som har bokmål som hovudmål, har ikkje noko forhold til nynorsk før de begynner på ungdomsskulen. For veldig mange er sidemål vanskelig. Ein har lært seg korleis ein skal ”skrive norsk” i løpet av de fyrste sju åra av skulegongen, og er allereie relativt fastsett i korleis ein skriv. Dermed blir det å lære nynorsk nesten som å lære seg eit nytt språk for mange. Ein del elevar tykkjer at dette er ganske slitsamt. Når ein ikkje startar med sidemål før ungdomsskulen, vil ein del elevar allereie ha utvikla negative holdningar til sidemål. Dette gjer at ein ikkje verken setter pris på, eller vil gi sidemål den innsatsen ein burde. Eg synes at ein burde gjere eit forsøk på å introdusere sidemål tidlegare, slik at elevar kan få eit betre forhold til sidemål. I tillegg vil elevar ha enklare med å lære seg sidemål dess tidlegare ein begynner.

Illustrasjonsfoto: Colourbox