fredag 19. oktober 2012

Kvifor les me skjønnlitteratur i skulen?


Forteljing, eventyr, munnleg forteljing og høgtlesing er viktige element i skulekvardagen. Det viser oss at skjønnlitteratur har ein sentral plass i skulen. Det gjeld dei fleste fag, men i Kunnskapsløftet finn me kompetansemål i norsk, direkte retta mot skjønnlitteratur i skulen.
Etter 4. årssteg:

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne:
-          Lese skjønnlitteratur og fagtekster for barn med flyt, sammenheng og forståelse

Etter 7. årssteg:

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne:
-          Lese et mangfold av tekster i ulike sjangrer og av ulik kompleksitet på bokmål og nynorsk: norske og oversatte, skjønnlitterære tekster og sakposatekster
-          Bruke erfaringer fra egen lesing i skjønnlitterær og sakpreget skriving



For elevar som har knekt lesekoden er det viktig å lese mykje for å automatisere lesinga. Da er det viktig at læraren kan tilby elevane sine litteratur tilpassa den enkelte elev. Her tilbyr skjønnlitteraturen oss mange moglegheiter. Elevar som les litteratur dei interesserer seg for, kan utvikle både leseferdigheiter og leseglede. Lesinga fungerer som underhalding, samstundes som elevane utvikler sjangerkunnskap. Ser me på kompetansemåla, ser me at sjangerkunnskap er ein viktig del av desse.

Men skjønnlitteratur brukes også i skulen av andre grunnar enn underhalding.  Mange tema som omtales i skjønnlitteraturen kan brukes i samanheng med ulike fag. Eg meiner skjønnlitteratur kan vere ein god inngangsport til arbeid med fag som naturfag, samfunnsfag, historie og engelsk.

Skjønnlitteratur kan også brukes i skulen som ein del av elevanes danning og personlege utvikling. Moderne skjønnlitteratur tar i dag opp tema som før var forbunde med tabu og ting som kan vere vanskelege å snakke om. Gjennom lesing av skjønnlitteratur kan elevane møte personar med problem de kjenner seg igjen i, samstundes som litteraturen kan skape ein avstand og minske intensiteten.

1 kommentar:

  1. Bra jobba, Tine! Eg synest det er særs bra at du har fått med kompetansemåla frå Kunnskapsløftet med omsyn til skjønnlitteratur. Eg er einig i det du skriv om at det er viktig at læraren kan tilby elevane litteratur tilpassa den enkelte eleven.

    SvarSlett