Avisa
Fædrelandsvennen gir kvar laurdag ut magasinet God Helg. Laurdag
25. august 2012 kunne vi lese om 6 år gamle Hannah som lærer norske barn å
lese. Det er Hannahs
pappa som har utvikla appen Ordlek XL for iPhone og iPad. I beskrivinga av appen
på iTunes Store kan vi lese: ”Ordlek XL er den perfekte appen for barn som skal
lære å lese! Spillet er laget for aldersgruppen 4 til 7 år, men passer for alle
som vil lære å lese. Over 100 vanlige norske ord på 2 til 7 bokstaver.”
Illustrasjonsfoto: Colourbox
I det du
startar appen, er du direkte i gang med spillet. Det er ingen startmeny eller
innstillingar ein må gjennom før spillet startar. Dette er altså noko barnet
kan klare aleine. I venstre hjørne på skjermen er det eit assosiasjonsbilde som
viser ordet som skal skrivast. Ved sida av assosiasjonsbildet, er det plassert
ruter, ein til kvar bokstav i ordet. Under dette ligg bokstavane i ordet. Barnet
kan velge om han/hun vil ha store eller små bokstavar. Bokstavane skal flyttast
opp i rutene over, slik at ordet kan lesast. Da eg ikkje fekk lyden til å
fungere på appen, har eg valt å fokusere på dei 100 orda som er valt i spillet.
Pappaen til
Hannah har valt ut rundt vanlege ord til spillet. Ein finn enkle ord som bok og hus, men det kan virke som orda kjem i ei tilfeldig rekkefølge. Eg
legg merke til at det er valt mange ord som kan by på problem for ein
begynnerlesar. Appen har mange ord med stumme bokstavar, som hjelm, brød, hånd, and, bla og hund. I spillet
finn ein også mange ord som ikkje er lydrette. Ord som blomst, dukke, frosk, klokke og tog skrivast ikkje slik dei
uttalast. Dei lydstridige orda eg har valt ut er basert på mitt østnorske
talemål. I spillet er det og mange ord med dobbelkonsonant. Til dømes egg, buss, gaffel, kasse og briller. Fleire
av dei lydstridige orda som er valt ut, har også dobbelkonsonant, til dømes dukke, klokke, sopp og sokker. Dette kan
gjere eit ord vanskeleg for ein nybegynnar, sjølv om ordet i seg sjølve er
kort. Til slutt vil eg vise nokre ord eg meiner er spesielt utfordrande,
kanskje også for ein meir vidarekommen lesar. Det er ord med
konsonantforbindelsar, kor 2-3 konsonantar kjem etter kvarandre, til dømes i
orda hanske, blomst, skilt, skje og stjerne.
Min meining
er at spillet er gitt ei enkel og intuitivt form, der barnet motiverast gjennom ros. Frå
ein fagleg ståstad vil eg meine at ordvala burde vore meir gjennomtenkt. Samstundes
vil nok applikasjonsbildet og det at orda er kvardagslege og nyttige vere med
på å forenkle dei vanskelege orda.
Illustrasjonsfoto: Colourbox
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar