fredag 19. oktober 2012

Kvifor les me skjønnlitteratur i skulen?


Forteljing, eventyr, munnleg forteljing og høgtlesing er viktige element i skulekvardagen. Det viser oss at skjønnlitteratur har ein sentral plass i skulen. Det gjeld dei fleste fag, men i Kunnskapsløftet finn me kompetansemål i norsk, direkte retta mot skjønnlitteratur i skulen.
Etter 4. årssteg:

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne:
-          Lese skjønnlitteratur og fagtekster for barn med flyt, sammenheng og forståelse

Etter 7. årssteg:

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne:
-          Lese et mangfold av tekster i ulike sjangrer og av ulik kompleksitet på bokmål og nynorsk: norske og oversatte, skjønnlitterære tekster og sakposatekster
-          Bruke erfaringer fra egen lesing i skjønnlitterær og sakpreget skriving



For elevar som har knekt lesekoden er det viktig å lese mykje for å automatisere lesinga. Da er det viktig at læraren kan tilby elevane sine litteratur tilpassa den enkelte elev. Her tilbyr skjønnlitteraturen oss mange moglegheiter. Elevar som les litteratur dei interesserer seg for, kan utvikle både leseferdigheiter og leseglede. Lesinga fungerer som underhalding, samstundes som elevane utvikler sjangerkunnskap. Ser me på kompetansemåla, ser me at sjangerkunnskap er ein viktig del av desse.

Men skjønnlitteratur brukes også i skulen av andre grunnar enn underhalding.  Mange tema som omtales i skjønnlitteraturen kan brukes i samanheng med ulike fag. Eg meiner skjønnlitteratur kan vere ein god inngangsport til arbeid med fag som naturfag, samfunnsfag, historie og engelsk.

Skjønnlitteratur kan også brukes i skulen som ein del av elevanes danning og personlege utvikling. Moderne skjønnlitteratur tar i dag opp tema som før var forbunde med tabu og ting som kan vere vanskelege å snakke om. Gjennom lesing av skjønnlitteratur kan elevane møte personar med problem de kjenner seg igjen i, samstundes som litteraturen kan skape ein avstand og minske intensiteten.

søndag 14. oktober 2012

Ein skule - to skriftsspråk


I Noreg har vi hatt to skriftsspråk i nesten 130 år. Eg tenkte eg skulle fokusera på korleis dette har påverka den norske skulen. Det at vi har hatt to sidestilte skriftsspråk har ført til at elevar i den norske skulen har vorte tvungne til å lære seg begge formar. Eg synes at det at det er ein god ting at norske elevar lærer seg både bokmål og nynorsk. For elevar som har bokmål som hovudmål er det viktig å lære nynorsk fordi det er ein svært viktig del av den norske kulturarva. For elevar med nynorsk som hovudmål er det viktig å lære seg bokmål, fordi majoriteten av det norske folk har bokmål som hovudmål, og det kan vere nyttig å kunne kommunisere skriftlig med folk uavhengig av skriftspråk.

Det eg tykkjer er dumt, er at elevar ikkje får noko fokus på sidemål før ein begynner på ungdomsskulen. Ein stor del av elevane i Noreg som har bokmål som hovudmål, har ikkje noko forhold til nynorsk før de begynner på ungdomsskulen. For veldig mange er sidemål vanskelig. Ein har lært seg korleis ein skal ”skrive norsk” i løpet av de fyrste sju åra av skulegongen, og er allereie relativt fastsett i korleis ein skriv. Dermed blir det å lære nynorsk nesten som å lære seg eit nytt språk for mange. Ein del elevar tykkjer at dette er ganske slitsamt. Når ein ikkje startar med sidemål før ungdomsskulen, vil ein del elevar allereie ha utvikla negative holdningar til sidemål. Dette gjer at ein ikkje verken setter pris på, eller vil gi sidemål den innsatsen ein burde. Eg synes at ein burde gjere eit forsøk på å introdusere sidemål tidlegare, slik at elevar kan få eit betre forhold til sidemål. I tillegg vil elevar ha enklare med å lære seg sidemål dess tidlegare ein begynner.

Illustrasjonsfoto: Colourbox

søndag 30. september 2012

Informasjonskompetanse og digital lesing


Norske elevar har for første gang deltatt i den digitale leseprøva i PISA. Resultata til norske 15-åringar ligg på gjennomsnittet. Kunnskapsminister Kristin Halvorsen meiner elevane har føresetnader for å skåre betre enn dette.

”Informasjonskompetanse er kort fortalt evnen til å søke og lokalisere informasjon, vurdere informasjon kritisk i forhold til relevans og pålitelighet, og ta den i bruk i egen kunnskapsutvikling” (Rafste, 2008,s. 120). I Kunnskapsløftet er bruk av digitale verktøy ei grunnleggjande ferdigheit som gjeld i alle fag. I mine auge vil utvikling av informasjonskompetanse vere ein viktig del av arbeidet med digitale verktøy.

                                            Illustrasjonsfoto: Colourbox

Resultata frå PISA handlar om kor godt elevane les digitalt. Digital lesing gir elevane utfordringar og moglegheiter i møte med multimodale tekstar. Multimodale tekstar inneheld fleire modalitetar. Ofte ser ein bilde, tabellar, faktaboksar, lenker til andre tekstar, lyd, video og sjølvsagt verbalteksten. Dette er tekstar som stiller krav til elevanes leseferdigheiter. Dei ulike modalitetane inneheld ulik informasjon, og lesaren må vere i stand til å samle denne informasjonen til ein heilskap.

Som lærar må ein hjelp elevane til å utvikle denne lesekompetansen. Ulike lesestrategiar ein bruker i møte med tekstar i skolebøker og anna, kan hjelpe elevane også i den digitale lesinga. Eg meiner arbeid med lesestrategiar bør vere eit kontinuerleg arbeid, slik at lesestrategiar blir ein integrert del av elevens arbeid med ein tekst. Dersom eleven opplever det som sjølvsagt å bruke lesestrategiar i møte med nye tekstar, vil han kanskje og ta det i bruk på ulike lesetestar? I dagens digitale samfunn vil det vere viktig at vi lærer elevane våre å bruke datamaskinen til andre ting enn spel og sosiale media.
Vi må hjelpe dei å utvikle den informasjonskompetansen de absolutt vil trenge vidare.

Litteratur:
Rafste, Elisabeth Tallaksen (2008): Informasjonskompetanse - elevaktive og undersøkende arbeidsmetoder. I Hoel, Tallaksen og Sætre: Opplevelse, oppdragelse, opplysning. Fagbok om skolebibliotek. Oslo: Biblioteksentralen

søndag 23. september 2012

Ordlek XL


Avisa Fædrelandsvennen gir kvar laurdag ut magasinet God Helg. Laurdag 25. august 2012 kunne vi lese om 6 år gamle Hannah som lærer norske barn å lese. Det er Hannahs pappa som har utvikla appen Ordlek XL for iPhone og iPad. I beskrivinga av appen på iTunes Store kan vi lese: ”Ordlek XL er den perfekte appen for barn som skal lære å lese! Spillet er laget for aldersgruppen 4 til 7 år, men passer for alle som vil lære å lese. Over 100 vanlige norske ord på 2 til 7 bokstaver.”

                                                           Illustrasjonsfoto: Colourbox

I det du startar appen, er du direkte i gang med spillet. Det er ingen startmeny eller innstillingar ein må gjennom før spillet startar. Dette er altså noko barnet kan klare aleine. I venstre hjørne på skjermen er det eit assosiasjonsbilde som viser ordet som skal skrivast. Ved sida av assosiasjonsbildet, er det plassert ruter, ein til kvar bokstav i ordet. Under dette ligg bokstavane i ordet. Barnet kan velge om han/hun vil ha store eller små bokstavar. Bokstavane skal flyttast opp i rutene over, slik at ordet kan lesast. Da eg ikkje fekk lyden til å fungere på appen, har eg valt å fokusere på dei 100 orda som er valt i spillet.

Pappaen til Hannah har valt ut rundt vanlege ord til spillet. Ein finn enkle ord som bok og hus, men det kan virke som orda kjem i ei tilfeldig rekkefølge. Eg legg merke til at det er valt mange ord som kan by på problem for ein begynnerlesar. Appen har mange ord med stumme bokstavar, som hjelm, brød, hånd, and, bla og hund. I spillet finn ein også mange ord som ikkje er lydrette. Ord som blomst, dukke, frosk, klokke og tog skrivast ikkje slik dei uttalast. Dei lydstridige orda eg har valt ut er basert på mitt østnorske talemål. I spillet er det og mange ord med dobbelkonsonant. Til dømes egg, buss, gaffel, kasse og briller. Fleire av dei lydstridige orda som er valt ut, har også dobbelkonsonant, til dømes dukke, klokke, sopp og sokker. Dette kan gjere eit ord vanskeleg for ein nybegynnar, sjølv om ordet i seg sjølve er kort. Til slutt vil eg vise nokre ord eg meiner er spesielt utfordrande, kanskje også for ein meir vidarekommen lesar. Det er ord med konsonantforbindelsar, kor 2-3 konsonantar kjem etter kvarandre, til dømes i orda hanske, blomst, skilt, skje og stjerne.

Min meining er at spillet er gitt ei enkel og intuitivt form, der barnet motiverast gjennom ros. Frå ein fagleg ståstad vil eg meine at ordvala burde vore meir gjennomtenkt. Samstundes vil nok applikasjonsbildet og det at orda er kvardagslege og nyttige vere med på å forenkle dei vanskelege orda.

                                          Illustrasjonsfoto: Colourbox

søndag 16. september 2012

Munnleg forteljing i skolen


Munnlege forteljingar i skolen

Tysdagane 4 og 11 september heldt Fridunn Tørå Karsrud eit forteljingskurs for studentane som tar fordjuping i norsk på Universitet i Agder. Det har vore to lærerike dagar, som har utvida mitt syn på munnleg forteljing i skolen. Min erfaring frå praksis på ulike trinn i grunnskolen, er at forteljingar stort sett brukes til høgtlesing, gjerne i forbindelse med at elevane et matpakka si. Fridunn gav oss derimot fleire gode argument for å rive oss laus frå bøkene, og bruke munnleg forteljing som ein metode i undervisinga.

Munnleg forteljing handlar om ei forteljing kor forteljaren legg boka til side og bruker kroppen og blikket i ein kommunikasjon med elevane. Karsrud meiner at dette gjer forteljinga meir levande og engasjerande for elevane. Forteljingas faste struktur, kanskje spesielt i eventyra, hjelper elevane til å hugse forteljinga betre. Gjennom strukturen og forteljingsgrammatikken utviklar elevane eit kognitivt skjema for forteljing. Kvar gong elevane møter ei ny forteljing vil skjemaet hjelpe eleven til å strukturere den nye forteljinga (Karsrud, 2010, s.30).

Opplæringslova fortel oss at alle elevar har krav på tilpassa opplæring. Karsrud meiner at munnleg forteljing er ein god metode for å gi elevane tilpassa opplæring. Sjølve forteljinga kan vere ein felles oppleving for elevane. Vidare kan læraren differensiere etterarbeidet slik at alle elevane opplever meistring. Etterarbeidet kan mellom anna vere gjenforteljing, dramatisering, teikneserie og anna arbeid med teikning/maling. Elevane kan også trekkje ut kjernepunkta frå forteljinga, og finne viktige verb, substavtiv og kjensler.
                                          Illustrasjonsfoto: Colourbox

Litteratur:
Karsrud, F. T. (2010) Muntlig fortelling i norskfaget – en vei til tekst- og tolkningskompetanse. Oslo: Cappelen Damm AS